12. jul. 2017

Rosendals Trädgård

Før me går vidare med bilete frå Interrail-turen, har eg ein siste stad frå Stockholm som eg ønskjer å vise dykk. Etter å ha ete lunsj hos Rosendals Wärdshus, traska me vidare til Rosendals Trädgård ikkje så langt unna. Også her kan ein ete lunsj blant nydelege omgjevnadar, ein kan kjøpe planter og blomar og ein kan gå innom butikken der dei har alt frå syltetøy til kokebøker, kaffi og sjokolade i fargerik innpakning. Altså, så mykje Willy Wonka-vibbar av sjokoladepapiret på bileta over ;)


Vêret var jo som nemnt heilt fantastisk, og det var mange som hadde tatt turen for å ete lunsj eller slappe av med ein kopp kaffi. Me kjøpte kvar vår lille is, ein med vanilje og ein med kokos, og fann plass på ein benk. Godt med ein is i sola, og Djurgården på ein slik dag vil eg gjerne oppleve igjen.

Legg igjen ein fin tanke