3. juli 2017

East Side Gallery

Hei og hå! Ei ny veke er i gong, og sjølv om det var veldig kjekt å vere på tur, er det på eit vis godt å vere i gong med kvardagen igjen. Som det heiter: borte bra, men heime best. Eg tenkte eg skulle dele bilete frå då me gjekk langs Mühlenstraße i Berlin for å sjå East Side Gallery. Dette er den lengste delen av Berlinmuren som enno finst, og den er på 1,3 km. På austsida er muren dekorert med over hundre måleri som fyrste gong blei dekorert i 1990. På grunn av hærverk opp gjennom åra, er størstedelen av muren gjerda inne, men ein får jo eit bra inntrykk av kunsten likevel.


Langs eit lite stykke av muren, er det ikkje noko gjerde, og her er det meir tagging sidan muren er lettare tilgjengeleg. På eit vis er det jo noko eige med det også. Når ein ser på enden av muren, ser den ikkje veldig tjukk ut, men så klart: då muren stod, var det både piggtråd over og armeringsjern inne i muren. Nesten uverkeleg å tenkje på; ein mur som delte ein by i nærmare tretti år.


Måleriet av bilen som "kjem ut" av veggen, var eit av dei måleria der eg stoppa opp og titta nøyare. Fall også for Batman og The Joker og måleriet der ein kunne skimte alle fargane i regnbogen. Etter å ha sett det meste av East Side Gallery, tok me T-bana til Friedrichstraße og Tårenes palass.

Legg igjen ein fin tanke