9. jul. 2017

Små gåturar og mykje kaffi ei veke i juli

Laurdag og sundag har gått fort, og i morgon er det måndag igjen. Mi fyrste heile jobbveke etter ferien er over, og den har vore bra sjølv om eg merkar at eg ikkje har landa heilt etter turen vår enno. I løpet av veka har det blitt ein god del kaffi, mange sider i bøkene eg held på med er blitt lesne og me har fått gått nokre turar i nærområdet sjølv om vêret ikkje har vore heilt på topp. Håper veka di var bra og helga super. Mange bra lenkjer og andre fine punkt denne sundagen:

✦ at eg kvar dag har starta dagen med å lese nokre sider i ei bok
✦ sånn kan det gå når ein syng songar frå Mary Poppins som er oversett med Google Translate ;)
✦ gå Tjensvollturen i går med den finaste mannen
✦ eit bra innlegg om det å organisere ting og tang og at ein ikkje skal "overorganisere"
✦ bruke det lille fikafatet som han fine fann i Stockholm til brødskivene om morgonen
✦ om å ta ein liten pause frå kvardagen med ei natt ute i det fri
✦ alltid gøy å gi bort noko heimelaga, denne gongen dette etasjefatet av gamle tallerkenar
✦ vakre bilete frå Ona fyr inne hos Rotehovudet
✦ sjå Manchester by the Sea og Silence
✦ kult når nokon tar tak i gamle møbler og gir dei eit nytt liv
✦ besøk av den eine svogeren min
✦ ei gås som titt og ofte besøker familien som redda ho
✦ få vist fram det ferdig resultatet av kjøkkenoppussinga
✦ for ei liste med så mange bra saker ein kan gjere nesten gratis inne hos Emma
✦ slappe av med kryssord inne medan det regna ute
✦ "14 Fantastic Things That Can Happen at a Library"
✦ sundagsmorgon med kaffi i koppane frå House of Rym
✦ kul Disneyskurk-medley
✦ reprise av På tur med Dag Otto der Agder Brass var me og spelte ein liten marsj
✦ sjekk ut desse plassane som kunne ha passa rett inn i ein Wes Anderson-film (via Mariell)

0 kommentarer: