21. juli 2017

Ut på tur i ulendt terreng

Landskapet ved hytta er nokså ulendt for å seie det mildt. Og då me bestemte oss for å gå ein tur til eit vatn førre laurdag, eit vatn det ikkje er oppgitt ein sti til på kartet, var me ikkje heilt sikre på å nå fram. Men ut på tur skulle me likevel, og med kart, vatn og litt kjeks i sekken var me klare. Over kampesteinar, ned ein sti, innom ein myr, opp ein bakke og ned igjen fordi det plutseleg var ein fjellvegg i vegen. Puh, me fann ikkje fram til vatnet denne gongen, men ein liten pause (som gjorde veldig godt) ved speidarhytta blei det i alle fall. Ein bra tur i eit endå betre selskap var det uansett.


På veg tilbake til hytta kom me oss på ein av toppane opp slik at me fekk utsikt.  Ikkje over vatnet der hytta ligg, men eit som ligg rett ved. Så flott, berre sjå utover, kjenne den friske fjellufta, oppdage små regndropar som ser ut som perler. Ein tur på fjellet er alltid ei lita glede.

Legg igjen ein fin tanke