6. juli 2017
Sommarlektyre
Dagane går litt for fort, og i dag er det allereie ei veke sidan me kom heim frå Budapest. Kjenner at eg framleis er litt i "feriebobla", men det er jo berre slik det er (og det hjelper ikkje at me er i juli og at ein på jobb merkar at det er ferie for mange, mao. at det er mykje rolegare og ikkje fullt så mykje trøkk). I løpet av dei siste vekene, har eg fått lese mykje, både på toget, i ein park, høgt oppe i lufta og i sofaen her heime. You Know Me Well av Lina LaCour og David Levithan er ei av bøkene, og sjølv om den kanskje går under kategorien unge vaksne (young adult), er den bra skriven med viktig tematikk og så klart ung kjærleik. Den øvste, Når vi møtes igjen, er skriven av forfattaren bak Så lenge det er stjerner på himmelen, ei bok eg husgar eg syntest var god. Når vi møtes igjen er enkel sommarlektyre samstundes som den har dybde og eg blei jo (som eg ofte gjer) noko rørt innimellom. Just One Night er ein kortroman den me endeleg får vite korleis det gjekk med Allyson og Willem, medan krimboka Kvinnene på stranda var grei, men ikkje min favoritt. Gleder meg til endå meir lesing i løpet av sommaren, for eg slappar av når eg les. Å lese er for meg kvardagslykke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Ja, hvor blir det av dagene? Jeg synes på en måte tiden går sakte, men så plutselig har det gått to uker... Leselysten min begynner sakte, men sikkert å komme tilbake. Jeg har tatt frem noen gamle favoritter fra barndommen og det hjelper virkelig å lese ting man liker godt! Håper du får ei fin helg, Silje ^^
Så godt å høyre at det går framover med lesinga igjen! :) Eg veit korleis det er, og nokre kjekke favorittar er ofte ein god start ;) Vil få ønskje deg også ei god helg ^^
Legg igjen ein fin tanke