Og no går turen vidare til...Berlin. Siste del kjem her, no i dag, før eg etter kvart kjem til å vise kjekke og fine minne frå Praha. Me var innom Hakescher Markt i Berlin, ein plass i bydelen Mitte. Her finn ein blant anna små buer med ting som folk har laga, sånn som skåler av LP-er og tøyleiker. Fann ikkje noko å ha med heim, men me delte ein god is frå Gelateria Barist (og me hadde ein is til dessert dagen etterpå også hos Caffé e Gelato). Is er alltid ein slager, særskilt i varmt vêr ;)
Sjekk ut den enorme statuen! Statuen står i parken Marx-Engels Forum og førestiller Karl Marx og Friedrich Engels, forfattarane bak Det kommunistiske manifest frå 1848. Posering foran ein statue som er såpass svær som denne, er jo eit must når ein er turist i ein ny by. Me var ikkje oppe i TV-tårnet, men eit lite bilete av det 368 meter høge tårnet måtte jo til likevel. Såg flerne av desse fargerike bjørnane i byen, for byvåpenet til Berlin er jo ein bjørn. God salat og hamburgar åt me ein av kveldane, og ein anna kveld prøvde me schnitzel. Ikkje min favoritt akkurat, men heilt greitt.
Sterkt å besøke Tränenpalats, eller Tårenes palass på norsk. Så rart og fjernt å tenkje på at dette bygget som ser så fint utanfrå var den staden der familiar sa "farvel" til kvarandre. Tränenpalats på stasjonen Friedrichstraße var ein grenseovergang mellom aust og vest då Berlin var delt. Inne er det eit lite museum som viser enkelthistorier og historia om kvifor og korleis byen blei delt. Sterkt.
Det er vel inga overrasking at me tok mykje trikk, T-bane og tog i løpet av dei to vekene me var på tur. Ein av T-banevognane var knallgul og nokre av stasjonane var så fine med store glasvindauge og vakre mursteinar. Då me reiste vidare til Praha, var det frå Berlin Hauptbahnhof, byens hovudtogstasjon. Eg veit eg har sagt det før, men å reise med tog er for meg ei sann glede!
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Berlin er en så fin by ^^ Sukk, savner å være der, selv om vi bare var der en ukes tid ... tenker stadig at vi burde dra tilbake en dag.
Me var der jo berre i to heile dagar, og det er nok mykje meir me gjerne skulle ha opplevd :) Som allereie nemnt var høgdepunktet konsert med filharmonien, noko eg gjerne vil oppleve endå ein gong ^^
You should have met Agnes, Tina`s sister, during your visit in Berlin. Maybe next time? On our trip to Norway in August we`ll stay with her - as every year on this behalf. Everytime interesting new (and old) impressions in this city!
Hilsen from Bavaria!
Hi! That would have been so lovely, but we only stayed there for two days (three nights), so time flew so quickly ;) But we had a very nice stay in this city, so yeah, maybe next time :) Hope you all have had a nice summer so far. Best regards S+Å :)
Legg igjen ein fin tanke