5. juli 2017

Eit heilt "nytt" kjøkken!

Rett før me drog på togturen, blei me endeleg ferdige med kjøkkenet. Det gjorde godt å endeleg få alt klargjort og då særskilt sånn rett før ferien. Ikkje enkelt rom å ta bilete av, men det får duge.


Her ser du korleis rommet var før me byrja. Alle skapfrontane var i lys bjørkefarge (i mine auge; usikker på kva ein eigentleg kallar den fargen) og veggane var dekt med ei form for strietapet. Heldigvis var det ikkje så altfor ille å ta bort tapetet, noko me oppdaga då me tok bort nokre skap som me skulle kaste – tapetet byrja å flasse av med ein gong. Sidan skroga er ein gammal modell, måtte me ha skifta alt, ikkje berre skapfrontane, for å fornye kjøkkenet. Det ønskja me ikkje, og i staden for leverte me alle skapfrontane inn til lakkering; slik blei det meste av kjøkkenet likevel fornya. På veggen limte me på ein tynn målingsduk og over vasken og komfyren limte me på nokre fine veggplater frå Berry Alloc (mykje enklare å halde reint enn tapet med matt måling på).


Etter å ha lagt på den tynne målingsduken, sette me i gong med å måle. Fargevalet fall på Minty Breeze frå Jotun. Jada, eg veit det no at det er visst den fargen "alle vil ha", men det visste eg ikkje då. Me valde den rett og slett fordi me begge to likte den og fordi den passar til Chi, altså skapfargen ;) Dei gamle handtaka var for store og tjukke, og då me fann nokre heilt enkle på tilbod på Clas Ohlson, slo me til. Nytt benkelys blei det også, og pappa hjalp oss med å installere det.


Og her er sluttresultatet. Me er supernøgde; kjøkkenet ser nesten nytt ut og det kjenst mykje lysare og meir lunt og dempa. Der kor det før var to altfor dype skap (har dessverre ikkje bilete av dei, men dei tok for mykje plass), har me no fått opp ei enkel og open hylle, nemleg vegghylla Värde frå IKEA. Fred Astaire og Ginger Rogers-illustrasjonen er på plass, det same er koppane frå House of Rym og det lille fikafatet som mannen min fann i Stockholm. Kjøkkenoppussinga er endeleg ferdig!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Det ble utrolig fint! Og pytt om alle andre også vil ha minty breeze, det spiller da vel ingen rolle ^^ Det viktigste er at dere er fornøyd med fargevalget! Og det er jo en nydelig farge, så skjønner godt at dere gikk for den ^^

Silje sa...

Hi, hi, du seier noko der, Ida! ;) For ja, det viktigaste er jo sånn sett at me er nøgde og det er me verkeleg! I våre auge blei det eit heilt anna kjøkken ^^

Legg igjen ein fin tanke