18. sep. 2016

Litteraturfestival og miljøsundag

For ei bra veke dette har vore, mykje på grunn av litteraturfestivalen ved Sølvberget, nemleg Kapittel-festivalen. Eg var med både som frivillig og som ansatt, og det har vore travelt, men samstundes veldig kjekt. Det sterke møtet med Édouard Louis om hans nye bok, om skam og om å ta tilbake si eiga historie var berre eit av dei mange bra arrangementa! At vêret har vore så bra og varmt til å vere haust og september, har også vore eit stort pluss denne veka! I dag var det miljøsundag her i byen, noko som blant anna vil seie at buss og lokaltoget var gratis. Me drog dimed ut til Frøylandsvatnet i dag. Kjempebra og finfin tur! Og no over til sjølve sundagslista:

✦ lese ut den såre, fine og gode boka Jeg har ventet på deg
✦ vil dra til London og Harry Potter no med ein gong når eg ser blogginnlegg som dette
✦ sykle til jobb laurdag morgon i kapribukse og T-skjorte, kjenne sola varme, lite trafikk
✦ nydeleg, blå hortensia
✦ tolv rette av tjue spørsmål i Da og Tid-quizen
✦ eg får vel byrja å ta med eigen kopp og prøve å leve meir emballasjefritt
✦ ha den fine kvitrekompisen (altså Zalo) på besøk frå onsdag denne veka til sundag neste veke
✦ høyre Édouard Louis prate om si nye bok (sjekk ut denne og denne bokmeldinga)
✦ bidra som både ansatt og frivillig under Kapittel-festivalen
✦ alltid eit gledespunkt å sjå så herlege kattungar
✦ gå kveldstur og få oppleve nydelege solnedgangar
✦ sjå den aller siste Poirot-episoden på NRK Nett-TV (vel å merke for andre gong)
✦ ta toget fram og tilbake Klepp stasjon for å oppdage Frøylandsvatnet og gå over Midgardsormen
✦ "This is what love looks like" – søte og herlege illustrasjonar
✦ stoppe opp i skogen, kjenne på lukta og stilla saman med den aller finaste
✦ finne noko å lage med tanke på septembertemaet av Monthly Makers
✦ ete knallgod is frå ein søt kaffikopp fordi det har vore så varmt

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Høres ut som du har hatt en fin uke! Jeg så også den siste Poirot-episoden for en ukes tid siden. For en rar og merkelig episode. Håper du får en fin uke, Silje <3

Silje sa...

Episoden er nokså lik boka, så det er berre sånn den er. Christie kunne i alle fall det å overraske ;) Og så klart: god veke til deg også <3

Legg igjen ein fin tanke