3. jan. 2016

Inn i det nye året

3. januar 2016. Det nye året er allereie tre dagar gammalt. Har hatt to rolege dagar før det var jobbsundag i dag. Me har begge slappa av, lese i ei bok, gått tur, sett på film og byrja det nye året med å berre vere. Sjølv om det var kaldt og utruleg mykje vind, sykla eg til jobben i dag, og det var eigentleg greitt å vere der i dag etter ei ganske så roleg jul. Håper de alle har hatt ei bra helg, den fyrste i 2016. Her kjem mi sundagsliste med fine ting frå denne veka, ei veke både i 2015 og 2016:

✦ gå ein bitteliten tur i den friske vinterlufta, kjenne sola varme
✦ så innmari nusselege kaninar og ein knallsøt minipingvin
✦ Mamma Mia, nachos og mykje prat og latter her heime med ei av mine beste veninner
✦ ei nettside der ein kan søke på ein stad og sjå kartet i akvarellstil
✦ "All was well" – å lese ferdig den siste Harry Potter-boka for tredje gong
at me nådde hundretursprosjektet vårt; i år har me auka det til 104 (minst to turar i veka)
✦ få fotokalender i julegåve frå tante- og onkelbarna våre :)
✦ eit interessant essay, og denne om ein familie som planla si store reise i ni år
✦ lese høgt frå minneglaset der ein av dei finaste lappane var ein mannen hadde skrive: "Brura som gjekk ned kyrkjegolvet"
✦ denne søte instagramkontoen, og for nokre herlege selfies
✦ fyrste gåturen i det nye året
✦ Mariell som skriv om det nye og det gamle året, og Sandra sitt innlegg "Såhär kommer du fram til dina bästa idèer"
✦ kose meg med Love Actually sjølv om det var nærmare nyttår enn jul
✦ dette vil eg prøve å bli bettre på i år, for kor mykje ting og tang treng ein eigentleg?!
✦ feire nyttårsaftan hos eit venepar (me var til saman seks stk.) med god mat, sjå på fyrverkeri frå ein topp i nærområdet og prate fram til klokka halv fire om natta :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Her var det mye fint! ^^ Likte spesielt Harry Potter-punktet og instagramkontoen (for en søt katt!). Selv har jeg enda ikke fått begynt å lese Harry Potter, så bryter litt med juletradisjonen. Men jeg venter på å få den nye illustrerte versjonen av Philosophers stone i posten, så da blir det ordnings, haha! ^^ God mandag og håper du får en fin uke!

Silje sa...

Må vel berre innrømme at eg denne gongen brukte utruleg lang tid på den siste boka. Men det er sånn det er når det skjer mykje anna, for når eg les dei siste sidene, vil eg verkeleg ha god tid og kose meg ^^ Og jepp, den katten er berre så utruleg fin! God veke til deg også :D

Legg igjen ein fin tanke