15. feb. 2015

Tulipanar, brettspel og så mykje fint

Heartbeat, den fyrste episoden av sesong tre, rullar over skjermen no. Ei veke fylt med mykje bra er snart over. I morgon er det måndag, men null forelesning, Undervisningsfri heile veka ("studieveke"), og det er heller ikkje øving på tysdag pga. vinterferien. Då har eg i alle fall tid til skuleoppgåva, men det blir nok litt øving på instrumentet, lesing av ikkje-pensum og gåturar også. For å berre sitje inne og skrive frå åtte til fire kvar dag, funkar ikkje for meg. Blei lang liste denne sundagen, men det er berre fordi det har skjedd så mykje fint og eg har lese så mykje bra:

✦ vere med eit fint venepar to kveldar på rad med mykje prating, hygge og latter og eit par brettspel
✦ kunne ha sett på denne nettsida med all slags moglege bokhyller i timevis
✦ lese litt i Harry Potter-boka (nr.5) kvar kveld i senga, sånn rett før me slukkar lyset. Og så klart denne videoen der ein kan sjå Snape sine viktigaste scenar frå filmane i kronologisk rekkjefølgje
✦ fine, søte og herlege dyr: desse elefantane som lever takket vere The David Sheldrick Wildlife Trust (eit senter i Nairobi eg besøkte i 2009), to artige kaninar, ein luring av ein katt, ein liten og søt krabat og dette dårande katteblikket
✦ minifeiring av Valentinsdagen (og seks år og to månadar som kjærastar) med kafétur og tulipanar (på veggen bak kan ein skimte den kule LP-klokka vår. Nærbilete kjem...).
✦ om dragen i Krakow og fine bilete frå Island – eg vil tilbake til begge stadane!
✦ høyre fuglane kvitre om morgonen, og gå turar hand i hand om ettermiddagen
✦ at temaet denne månaden i Monthly Makers er gjenbruk :D
"Hvor sier alltid rogalendinger om?"
✦ ha kollokviekveld her heime, noko som var både sosialt og fagleg kjekt påfyll :)
✦ bryllaupsinspirasjon med nydelege blondekjolar, far-og-datter-bilete, og "How to plan a wedding: part one" hos Hjartesmil
✦ jobbe to dagar på Gamlingen, og at Nye Gamlingen snart er i gong
✦ at Polabora "pinna" bileta mine (frå dette innlegget) på ei av sine Pinterestavler (skjermdump frå akkurat den Pinterestavla)
✦ veninna mi i Verona, finaste brevet og Julianne sitt innlegg "Hvorfor akkurat han"
✦ ein heim med sjel og sjarm, desse teikningane som eg kjenner meg veldig igjen i og "Vårtegn og bollebakst" hos Ingvild

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra sa...

Vilka underbara bilder och vilken bra tipslista!

Silje sa...

Så superfin kommentar, Sandra! Jeg lager en slik liste hver søndag for å oppsummere alle fine ting som har hendt, som jeg har lest eller smilt av i løpet av uka :)

Legg igjen ein fin tanke