8. feb. 2015

Snøklokker og særskriving

Gratulerer med morsdagen, sånn heilt på tampen, alle fine mødre! Her har helga vore fylt med bryllaupsplanlegging, lesing, film, ein liten gåtur i blåsten, god middag, ja, akkurat slik ei helg skal vere. I morgon er det på'an igjen med ei ny veke, og då blir ei av to heimeoppgåver i det eine emnet utdelt. Ikkje at eg gleder meg, men det kjem nok til å gå heilt fint, særskilt med fin musikk og litt kaffi eller ein god te (og litt Harry Potter-lesing som pause). Har vore mykje fint også denne veka:

✦ sjå rådyr, kaninar og raudstrupe på veg til skulen heilt i starten av veka
✦ superkule teikningar, laga av både far og hans barn
✦ snøklokker som tittar fram; eit ordentleg vårteikn :)
✦ at besteste Agder Brass kom på 3.plass i 2.divisjon i NM Brass, noko som er så utruleg bra gjort i og med at korpset spelte i 3.divisjon i fjor. Så stolt og innmari glad!
✦ nydeleg heimehekla brudekjole
✦ kose oss med Mary Poppins. Det er barndomsminne, det!
✦ le av særskrivingsfeil i butikken
✦ denne skjønne, lille raringen
✦ kanskje er dette noko me skal ønskje oss? Veldig fint er det i alle fall :)
✦ "Om ukeshandling" – så innmari smart, og akkurat slik me gjer det
✦ invitere mamma og pappa på sundagsmiddag, som var falaflar, og med det feire morsdagen :)
✦ "Lasting Love, by the Letters" – nydelege små, men store, historier og så fine bilete
✦ denne butikken må eg jo besøke neste gong eg er i Oslo
✦ levere klede som me ikkje bruker lenger til Fretex
✦ alle desse fine stoffbitane, og kanskje skal eg strikke ein liten lapp?!
✦ denne morosame nettsida (ein bør ha sett litt på Modern Family for å skjønne kor det kjem frå, men uansett så utruleg "løye")!

Legg igjen ein fin tanke