5. feb. 2015

Musikk å lese til





Når eg sit og les, anten det er pensum eller "heilt vanleg skjønnlitteratur", høyrer eg ofte
på musikk. Ikkje alltid, men ofte er det instrumentalmusikk eg høyrer på, som låtar frå ein film eller roleg, klassisk musikk. Tenkte eg berre skulle dele eit par av desse med dykk. Den eine er henta frå kortfilmen Separate We Come, Separate We Go, regissert av Bonnie Wright (ho som spelte Ginny i Harry Potter-filmane). Låten heiter "The Birds" og komponisten er Tom Recknell. Nydeleg å ha den på i bakgrunnen medan eg noko skulerelatert eller slappar av med ei heilt anna bok. Ein annan låt som eg også høyrer mykje på, er Max Richter sin "Vladimir's Blues". Eg kjenner meg så roleg og stressfri når slike låtar strøymer ut høgtalarene. Og så må eg ikkje gløyme heile albumet til filmen The Hours. Musikken er komponert av Philip Glass, og eg har høyrt så mykje på dette fantastiske albumet dei siste åra at eg også tidlegare har nemnt det. Men no: tilbake til lesinga :)

2 kommentarer:

Julianne sa...

Jeg har en spilleliste som går på repeat på Spotify under lesing. Jeg konsentrerer meg så mye bedre med beroligende musikk :)

Silje sa...

Same her! :) Ein treng ikkje å lytte så aktivt, men den er likevel der, sånn i bakgrunnen, og den får meg til å slappe av, gjere pensum litt enklare :)