18. feb. 2015

Bibliotekbesøk i NY

For de av dykk som kjenner meg, så er det ingen løyndom at eg er over gjennomsnittet glad i bøker. Har alltid vore det, kjem alltid til å vere det. Til og med ikkje eit semester med litteraturhistorie klarte å øydeleggje lesegleda mi, sjølv om det var ganske så nære. Då me var i New York, var det rett og slett "obligatorisk" at me måtte innom The New York Public Library. Utenom bøkene, så er jo bygninga i seg sjølv kjempefin! Det var ei barnebokutstilling inne på biblioteket då me var der, men før me kom så langt, var me innom suvenirbutikken. Sjå på desse små, søte miniatyrbøkene til å hengje rundt halsen, og klassikarar med utrolig fine omslag. I sjølve utstillinga møtte me på alt frå gamle, små bøker til Dr.Seuss og Alice i Eventyrland. Det var Den hemmelighetsfulle hagen, ei bok eg fekk av mormor og som enno står i bokhylla. Og med Mary Poppins, Harry Potter og Frøken Detektivvar utstillinga komplett for min del! :) Fekk også sett den ekte Ole Brumm og vennane hans, og me beundra interiøret og bygninga litt meir før me traska blide og nøgde ut.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Julianne sa...

Wow, dette ser fantastisk ut! Har alltid hatt lyst til å reise til New York. Jeg noterer dette reisetipset bak øret :)

Silje sa...

Me var der seksten dagar i fjor, og det var så utruleg mykje å sjå og oppleve. Tre gongar på musikal på Broawday = lykke! Mykje fine vintageklede, Brooklyn Flea (svær loppemarknad ute), Brooklyn Bridge, botanisk hage, Central Park, og... så mykje, mykje meir :D

Legg igjen ein fin tanke