11. feb. 2015

Retroduk

På spisebordet vårt akkurat no, ligg denne fine duken. Ein duk med fine blomar i herlege retrofargar. Duken er litt for liten til bordet, og den står nok ikkje heilt i stil med resten av stova; den burde heller ha vore inne på gjesterommet. Men når løparen eg fekk til jul er til vask, tar ein det ein finn i skuffa, og sjølve duken liker eg jo veldig godt. Det var jo ein grunn til at eg såg denne og kjøpte den i ein av bruktbutikkane me var innom i Trondheim i haust :) Det lille glasfatet som står oppi det store er også kjøpt brukt. Gjenbruk og loppis er for meg heilt "tipptopp, tommel opp".

2 kommentarer:

Julianne sa...

Wow, dette mønsteret elsker jeg! :D Den skulle gjerne fått plass blant alle stoffene mine. Haha, jeg har så mange nå at samboeren begynner å bli fortvilt.

Silje sa...

Hi, hi! Eg fall for det sjølv med ein gong eg såg det, og bare måtte ha det! :D