6. feb. 2015

Mange små og fine bilete

Til jul fekk eg så lyst til å gi bort nokre papirbilete. Mange av bileta me tar no for tida, endar jo opp på dataen, blir berre verande der. Ikkje for det; eg prøver å lage fotobok når eg har tid, men det blir jo ofte "berre" bilete frå turar, og ikkje fullt så ofte frå kvardager og slikt. Eg søkte rundt på nettet, og det var då eg kom over polabora.com. Her tinga eg ein liten haug med "polaroidbilete". Eg gav nokre til ei veninne, og så gav eg ein del til kjærasten min. For når ein del av veggane i leilegheita her hos oss er betongveggar, er det ikkje berre berre å skulle hengje opp ein haug med innramma bilete. Men ved å bruke "lærartyggisen" eg fekk då eg gjekk på folkehøgskulen, er det jo lett som ein plett å feste plakatar eller bilete på veggen. Og veldig enkelt å ta bort igjen om ein vil hengje opp noko anna i staden. Eg tinga til dømes bilete som me tok då me var i Krakow, London, Reykjavik og New York. Bilete frå Vinjerock i fjor, bilete av vener og slekt, og så klart bilete av nettopp kvardagen vår. Foreløpig har me hengt opp nokre på døra inn til gjesterommet og nokre på veggen over sofaen, mellom Brooklyn-LPen vår og eit bilete frå NM-turen til Bergen i fjor. Ei kjempefin gåve å gi bort, og sjølv om det ikkje er ekte polaroidbilete, så må eg få seie at det blei ganske bra.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Julianne sa...

Jeg har bestillt slike fra instagramen min via polagram. De har jeg rammet inn og hengt på veggen :) Kjøpte meg også polaroidkamera fra Fuji for snart tre år siden. Det er så stas med bilder man kan holde i hånden! :) Men det er synd det er så dyrt med film!

Silje sa...

Har lenge hatt lyst på eit polaroidkamera, men ja, film er dyrt. Synest dette (polabora.com) er eit greitt alternativ enn så lenge, for resultatet er jo omtrent det same. Veldig kjekt med papirbilete, og så er det jo innmari dekorativt :)

Legg igjen ein fin tanke