20. feb. 2015

Om vener og venskap

I løpet av livet, stiftar ein stadig nye kjennskap. I barndomen, som ungdom, som student, i arbeidslivet og også når ein byrjar å bli gammal og grå. Det er ikkje alltid ein klarer å halde på eit venskap gjennom eit heilt liv. For sånn er det. Av og til har ein ikkje meir å snakke om, ein er i heilt forskjellige fasar av livet eller ein har berre "mista kontakten". Men nokre vener kjem inn i livet og berre blir der. For min del er det nokre frå skulekorpset, andre fra vidaregåande, folkehøgskulen og UiA. Det har ikkje vore så enkelt å skulle finne nye vener, komme inn i eit nytt miljø då me flytta hit i fjor. Men litt etter litt har det blitt betre, og førre torsdag inviterte eg nokre av dei i klassen min på kollokviekveld. Kjempesosialt! Og både torsdag og fredag fekk me vore med eit venepar av oss som til vanleg bur i Oslo og i Gøteborg. Ho er ei kjempegod veninne av meg frå vidaregåande, medan han budde i lag med kjærasten min her i Stavanger før me flytta til Kr.sand. Så utruleg kjekt å vere ute ein tur på byen med dei, le, snakke og spele "Fantasi og "Idiotkunnskap" her heime kvelden etterpå. Dei er nokre av dei me skal reise til Vinjerock med, og det skal bli så artig, akkurat som i fjor :) For når dei finaste venene eg har bur i Trondheim, Bergen, Oslo, Ås, Kongsberg og Kr.sand/delvis Frankrike, så er det alltid litt ekstra kjekt når nokre av dei er heime her i området elelr når eg får til å besøke dei. Dei tre fyrste bileta er frå besøket førre veke, det siste frå Vinjerock i fjor. Skulle gjerne ha funne bilete av alle dei eg er glad i og som eg saknar, men det får bli med desse fire bilete for denne gong. Vil likevel de skal vite at dykk alle betyr så mykje for meg, uansett om me bur i forskjellige byar, og eg håper me framleis klarer å halde kontakten om ti år!

0 kommentarer: