13. feb. 2015

"Fly away with me"

Travle dagar her med både oppgåveskriving, litt jobb og kollokviegruppe. Var ein tur på jobb på onsdag og skal også vere der i morgon frå halv ni til ca.fire. Men det er eigentleg veldig greitt å kunne gjere noko anna enn berre oppgåva. I går hadde eg invitert ein fin gjeng frå studiet hit slik at me kunne ha ein diskusjon rundt oppgåva og samstundes ha ein sosial og koseleg kveld. Og det var akkurat slik det blei :) Håper å få til det ein annan gong også (me har jo i alle fall ei oppgåve til i det same emnet, så kanskje i det høvet?!). Rett etter at gjestene var gått, sykla han fine og eg ein tur ned til byen. Eit venepar av oss er nemleg i byen fram til i morgon, og dei lurte på om me ville vere med ut ein liten tur. Så klart ville med det. Traff dei to og ein del andre kjente, og det var nokre kjempekjekke og koselege timar før me sykla heim igjen halv eitt i natt! :) Elles så har dagen min i dag vore akkurat slik som ein kan sjå på det øvste biletet, og det nedste måtte eg berre vise, for no har me endeleg fått hengt opp den stilige luftballongen (kjøpt i Reykjavik) i bokhylla vår :)

2 kommentarer:

Julianne sa...

Jeg ELSKER den luftballongen! Jeg har så lyst på en i rød eller blå! Men grønn er også fint. Sukk, valgets kvaler :) Det er superherlig med gode diskusjoner når man har gruppearbeid. Det er helt vanvittig hvor mye man lærer av det :) Håper helgen blir superduper!

Silje sa...

Me såg luftballongen i ein finfin butikk i Reykjavik, og det gjekk ikkje an å gå i frå den! Me berre måtte ha den :D Kunne gjerne hatt ein av kvar i dei forskjellige fargane, men om me hadde hatt plass til det er ei anna sak ;) Ha ein kjempefin helg du også! :D