23. feb. 2015

Rundt Vannassen

Å kunne ta ein gåtur utpå ettermiddagen medan det framleis er lyst, byrjar å bli ein realitet no når me nærmar oss mars. På fredag tok me ein liten tur, og det var så fantastisk at det framleis var litt dagslys sjølv om klokka bikka fem og nærma seg halv seks. Litt grått var det, og ei lita stund kom det litt hagl, men bortsett frå det var det berre herleg å trekke frisk luft og strekke på beina etter ein dag med skriving på oppgåva (som forresten no er levert. Herleg kjensle!). Fyrste stopp var desse snøklokkene, blomar eg alltid blir glad av å sjå. Etterpå gjekk me vidare til Vannassen. Gjekk rundt vatnet, titta litt på endene og svanene, såg store, trolske tre og gjekk så tilbake igjen. Sjølve turen rundt vatnet tar ikkje så lang tid, men det tar litt tid å komme seg fram og tilbake, så alt i alt er dette ein passeleg kvardagstur på tre kvarter. Håper de alle har hatt ein fin start på denne veka :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Julianne sa...

Våren er den fineste årstiden synes jeg. Mørket begynner å forsvinne, man har et helt år foran seg, forventningene vokser, man setter så umåtelig stor pris på sola og ikke et eneste gresstrå blir tatt for gitt. Det er som å bli gjenfødt :) Hvert år!!

Silje sa...

Same her. Våren har alltid vore den besteste årstida! :D Merker at gjeremål blir enklare og sinnet blir litt lysare med dagslys og sol ute :)

Legg igjen ein fin tanke