24. feb. 2015

Interiørbøker og inspirasjon

Medan det regnar ute, sit eg inne med ein kopp te, musikk og interiørbøker. Det må vere lov til å ta det litt med ro dagen etter at oppgåva er levert, eller kva?! :) Tidlegare i dag fekk eg lese pensum til forelesninga i morgon og øvd litt på trombonen før øvinga i kveld, så noko fornuftig har eg no gjort. Desse to bøkene kjøpte eg i haust då me nettopp hadde kjøpt og overtatt leilegheita. Det var mykje som skulle innreiast, og då er det alltid kjekt å hente inspirasjon frå fine bøker, bloggar eller Pinterest. Eg brukte nok ikkje bøkene veldig aktivt i haust fordi eg allereie hadde ein idé om korleis ting og tang skulle vere. Men det er jo alltid lov å drøyme seg litt vekk og tenkje ut korleis eg vil ha det neste gong me skal fikse litt her i heimen. Til dømes er det ein del me kan gjere på soverommet, for der gjorde me omtrent ingenting før me flytta inn. Kanskje i løpet av sommaren?

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jeg har vurdert å kjøpe Happy Handmade Home, men har liksom aldri kommet så langt eller funnet en god grunn til å rettferdiggjøre kjøpet. Er den verdt pengene/bør man ha den i bokhylla?

Silje sa...

Må vel innrømme det at eg ikkje har titta så grundig i boka enno nettopp fordi eg visste litt kva stil me skulle ha då me flytta inn i haust. Men nok om det :) Eg har jo bladd litt i den, og om du liker bloggen, liker du boka. Sidene er fylt med flotte bilete og "oppskriftene" (i alle fall på dei fleste idéane) er enkle å følgje. Så klart kan det kanskje blitt nokre idéar som er veldig like det ein finn på bloggen, men det er likevel noko med å ha boka. Noko fysisk som ein kan bla i ;)

Legg igjen ein fin tanke