16. feb. 2015
Frisk luft + dagslys = sundagsglede
Mellom oppgåveskriving og middag i går, tok me på oss godt med klede og gjekk oss ein tur. Fyrst gjekk me opp til Vålandstårnet, og sjølv om vinden blåste og det var litt kaldt, var det så herleg å kjenne frisk luft, nyte utsikta og ikkje minst dagslyset. Det er så godt å kjenne sola og oppleve dagslyset, kanskje spesielt etter den litt tunge hausten i fjor. Tok nokre bilete utover Stavanger, for utsikta frå Vålandstårnet er jo omtrent like bra som den på Ullandhaugtårnet ;) Og når trea såg ut som prylepilen, kunne det jo ikkje bli noko særskilt betre. Gjekk gjennom Vålandsparken på veg heim, og då fekk me ei lita utsikt over Mosvatnet. Så utruleg kjekt og herleg å ha såpass mange moglegheiter når det gjeld turområde berre nokre steinkast unna heimen vår!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Wonderful landscape! wonderful weather! No more snow in Stavanger?
Greetings from snowy Bavaria!
Yeah, the landscape and view is beautiful! We had very little snow here in Stavanger, just for a week around Christmas. It was much, much more in Kristiansand (where we lived until May last year). But that's okay, beacuse the snow and I are not very good friends ;) Greetings from sunny Stavanger!
Dette så ut som en fin søndag <3
Og det var det også! :) Så utruleg herleg å ta ein pause i oppgåveskrivinga, nyte sola og frisk luft, berre vandre rundt i nærområdet. Håper du også hadde ein fin sundag <3
Åh, Stavanger! Jeg har ikke vært på flere år :)
Me flytta hit i mai i fjor, etter fire år i Kr.sand, og etter ein litt tung haust, er det heilt fantastisk å utforske byen me bur i :) For sjølv om eg kjem vaks opp i nabokommunen, er det mykje eg ikkje har sett av Stavanger ;)
Legg igjen ein fin tanke