5. jan. 2015

Og plutseleg var kvardagen her

Tilbake til kvardagen igjen. Den fyrste forelesningen i eit av mine to emne dette semesteret, skiftspråk og skriftkunne, var kjekk og interessant, og eg satsar på eit bra skulesemester. I alle fall betre enn det haustsemesteret var. Fekk kjøpt litt av det som står på pensumlista, innom kaféen på skulen der ei av klasseveninnene mine jobbar og til slutt heim. Me åt heimelaga byggrynsgraut til middag, og det smakte ganske så godt. Og som dei fleste grauttypane, er også denne vegetarisk (me prøver å ha i alle fall ein middagsrett i veka som er utan kjøtt). Må til slutt også leggje ved eit bilete som viser genseren eg hadde på meg i dag, for den er nemleg ein av dei mange eg fekk frå "svigermor" i haust :) I morgon blir det "un peu" pensumlesing, og så orkesterøving utpå kvelden.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Fin genser :-) og riktig så fargerikt bilde!

Silje sa...

Ja, med den veggen, dei gardinene og i tillegg genseren, kan det jo ikkje bli anna enn fargerikt :D

Legg igjen ein fin tanke