3. jan. 2015

2015!

Etter å ha funne dei "rette" innstillingane på kameraet (litt betre enn dei eg prøvde på nyttårsaftan), klarte me å få til nokre bra bilete fyrste nyttårsdag. Mamma stod bak kameraet medan eg var totalet, broren min null, kjærasten min eittalet og pappa femtalet. Tur rundt Mosvatnet stod på planen i dag saman med litt mekking på bryllaupsinvitasjonane (må sendast snart), og det blir film og heimelaga pizza her hos oss no i kveld. Den fyrste laurdagen i 2015 :)

0 kommentarer: