2. jan. 2015

Mest nyttårsfeiring og litt dansetrinn

Stjerneskot (ikkje alltid like lett å få til eit bra bilete med alle tala (2015) korrekt), kransekake og julekaker. Det utruleg artige spelet "Ryktet går" og quiz. Finaste raude kjolen og så himla mange bra folk! Vår nyttårsfeiring av det kommande året. Trur ikkje eg treng å seie så mykje meir enn det. I kveld har me hatt besøk av eit venepar, og då fekk me spelt "Qvass", og...vent på det...dei lærte oss nokre grunnleggande valsetrinn! Litt kleint i byrjinga, men etter kvart, når me skjønte gongen i det og fekk meir og meir flyt, var det faktisk ganske koseleg og kjekt :) Kjempefin start på året!

Legg igjen ein fin tanke