23. jan. 2015

Frå 1 til 10

Inspirert av denne lista hos Sandra (og ei liknande liste hos Hjartesmil), vil eg i dag dele mi eiga "1-2-3-liste". Kjekt å kunne dele ei litt anna type liste enn kun sundagslistene mine. Ikkje berre fordi det er gøy, men eg blir jo utfordra til å tenkje, til å skrive ned punkt for punkt fine ting og andre fakta som eg til vanleg ikkje tenkjer så mykje på. Og med dette seier eg rett og slett "god helg".

1 fint sitat
(på nynorsk:) "Kvardagar er dei flottaste. Dei er fulle av eventyr" (Anne-Cath.Vestly). Mange flotte sitat å velje mellom, men eg synest dette er så sant og så fint, og det er attpåtil på norsk.

2 fine saker i det siste
- kjempefint vêr slik at ein kan gå lange turar, både til/frå skulen, ned til byen og i skogområde
- at me faktisk fekk til å reise til Oslo for å sjå Billy Elliot og i same slengen besøke nevø, nieser og foreldra deira

3 program eller filmar som skremte meg då eg var lita
✦ Muppetshow sin versjon av A Christmas Carol (Scrooge var så himla skummel)
✦ Hufsa og Hattifnattane frå Mummitroll-universet
✦ Ursula i Den lille Havfruen

4 kompliment som eg har tenkt å gi til nokon på internett, men aldri har sagt
- hos sitrende.net, som Tiril står bak, kan eg sitje og berre drøyme meg heilt vekk fordi bileta er dei vakraste eg har sett
- Ina, som skriv på mewkid.net, har den mest fargerike bloggen eg veit om, og eg blir så glad kvar gong eg tittar innom
- den beste innan strikking, og som eg ser opp til nettopp for det, er Birgitte
- hos Ingvild, finn eg nokre av dei finaste heimesydde kleda og skjønne kvardagsbilete

5 utanlandske bloggar som alle burde følgje
✦ Girl with Curves - fordi formfulle kvinner også kan gå i stilige klede
✦ A Beautiful Mess - fordi her finn ein så himla mykje inspirasjon (mat, DIY, interiør, kvardag)
✦ Hej Regina - fordi den er så full av enkel, men stilfull og utruleg fin kreativitet
✦ Bleubird - fordi bileta av barna, dyra og alt det andre er fantastisk
✦ Emily Dahl - fordi ho har den finaste dachsen og "bloggjulkalenderen"

6 saker eg misliker
- paprika
- at rosa og blått fortsett er jente- og gutefargar, for sjølv om me er komme eit stykke på veg, er me ikkje der enno. Kan me ikkje bli kvitt det stempelet ein gong for alle?!
- å stå opp tidleg
- snø (sjølv om det er fint akkurat på julaftan og litt i romjula)
- at dei fleste av mine gode vener bor i andre byar, ja, til og med i andre land
- kroppspresset som me stadig blir utsette for

7 duppedingsar eller fine ting eg ønsker meg akkurat no
✦ ein slik minipult
✦ ullkuleteppe til stova vår
✦ vegglampe som denne, denne eller denne
✦ ei veggklokke frå Society6
 kameralinse, eller fleire, til speilrefleksen (må berre setje meg inn i kva eg treng...)
✦ vintagekjole; einaste problemet er at det er litt fullt i skapet
✦ Billy Elliot - The Musical Live

8 saker eg vil (og skal) gjere i år
- gifte meg med verdas finaste
- vere endå meir kreativ
- få til å vere meir med dei fine veninnene mine når dei er i byen
- reise, til London, Hellas eller ein heilt annan stad
- bade meir i sjøen og i vatn når sommaren kjem
- vere ein god kjærast og, om berre nokre månader, kone
- kjøpe albumet til Laurence Fox som kjem ut i løpet av våren
- lese meir (og då snakkar eg om bøker som ikkje står på pensum)

9 av mine beste TV-seriar (vanskeleg å plukke ut berre ni, men eg har i alle fall prøvd)
✦ Agatha Christie's Poirot - den beste av dei alle (og ingen slår britisk krim)
✦ Glee - min absolutte "guilty pleasure" når det gjeld TV-seriar; så mykje herleg dans og musikk
✦ White Collar - lett dramakomedie med ein dæsj spenning (fantastisk humor)
✦ Heartbeat  - fordi 60-talet er herleg, og karakterane er like herlege
✦ Downton Abbey - så gjennomført med kostyma, bra skodespel og interessante karakterar
✦ Rizzoli & Isles - krim, av typen amerikansk, med to fine og herlege hovudroller
✦ Black Books - britisk, svart humor på sitt beste
✦ Parenthood - smil og tårer i ein og same serie, ein serie om ein stor familie (og alle dei rundt)
✦ Pushing Daisies - må berre sjåast!

10 tilfeldige fakta om meg
- eg liker å spele såkalla "escape games"
- kvar gong eg les siste Harry Potter-boka, eller ser den siste filmen, så byrjar tårene mine å renne, eg hikstar og vil ikkje at forteljinga skal vere ferdig
- min favorittbamse, Dumbo, bur her hos oss og ikkje gøymt i eit skap hos mine foreldre
- i åttande klasse, frå september til april, las eg ca.22 000 sider i samband med ein lesekonkurranse, så jepp, eg er ein ordentleg lesehest
- eg har knokke ei tå pga. eit kumlokk, ei hand pga. ein fotball og eg har hange fast i ei flaggstang då eg skulle vere Super Mario
- risgraut er noko av det beste som finst
- det er snart femten år sidan eg byrja å spele trombone, og omtrent ni år sidan eg kjøpte mitt eige instrument, den trombonen eg speler på den dag i dag
- eg har kyssa ein sjiraff
- då me var i New York i fjor, snubla me over innspelinga av White Collar
- har fire heimestrikka luer i skapet (ei som er hans og tre som er mine)

0 kommentarer: