1. jan. 2015

Årets fyrste innlegg!

Godt nytt år, alle saman! Veit ikkje om de klarer å sjå hjartet på det øvste biletet, men me hadde nokre stjerneskot til overs og var ute og leika oss litt i dag. Og då berre "måtte" eg prøve meg på eit hjarte, for det er i dag to år sidan me trulova oss, på veg heim frå ei kjempekjekk nyttårsfeiring. Tenk at det er heile to år sidan eg vakna opp og nesten ikkje skjønte kva som hadde skjedd nokre timar i førevegen! Utanfor ein heim med ei julepynta flaggstang stoppa han og sa at han hadde noko han ville seie meg; han klarte ikkje å vente lenger! To år går jaggu meg fort! Nyttårsfeiringa for 2015 var også kjempekjekk med leikar, god mat (tapas), fine folk, stjerneskot, artig musikk og så klart quiz. Bilete får komme i morgon, for no er det nemleg sengetid her hos oss ;)

Legg igjen ein fin tanke