21. jan. 2015

Minisykkel

Nettopp komme heim frå dagens andre tur. For når vegen heim frå skulen i rask gange tok ein halvtime, vil i alle fall eg kalle det for ein tur ;) Har vore fint vêr dei siste dagane, så både gåturen heim frå skulen og tur med kjærasten etter middagen i dag var ordentleg herleg. Og så er det jo godt å komme inn i varmen igjen og kjenne at ein har roser i kinna. på laurdag var me som sagt på årets fyrste loppemarknad, og då fann me denne lille, rare sykkelen. Det er rett og slett ein salt- og peparbøssehaldar (og kanskje også for tannstikkarar?!), men hos oss kjem den til å stå i bokhylla i stova som pynt. Berre fordi. Me er ikkje sikre på om me liker sjølve salt- og peparbøssene, så dei blir moglegvis bytta ut med noko heilt anna etter kvart. Men for no så får dei stå. Sykkelen med "bagasjebrettet" er i alle fall ein artig detalj blant alle bøkene, filmane, bileta og pyntegjenstandar.

2 kommentarer:

Moder'n på Møre sa...

Syns du skal beholde bøssene jeg. Det er liksom noe orientalsk over både hengeren og bøssene. Spørs om designeren har vært i Midt-Østen eller noe sånt :-)

Ang. den "supelyden" de driver med i Sverige (fra link lenger ned), så leste jeg dette på nettet. Skjønte straks hva de ville komme med i artikkelen, for en familie vi besøkte i Finland (da Å var 4 år gammel) drev på med de samme lydene. De var svensktalende, og i området der vi var hadde de nok arvet en del av en svensk kultur. Kanskje Å husker at vi var der?

Silje sa...

Han hugsar at de køyrde og at han las vegskilt, men ikkje så veldig mykje meir enn det ;) Men artig at lyden også finst andre stadar :) Og ja, kanskje var designaren litt inspirert av Midt-Austen eller noko?! Ikkje godt å vite :P