7. jan. 2015

Jula varer ikkje heilt til påske

No er jula pakka vekk. Den lille julestjerna eg fekk i julekalenderen på julaftan, held enno stand, men all pynten, julestjerna i vindauge og adventsstaken som stod på kjøkkenet, er pakka ned i esker. Må berre få dei opp på loftet også etter kvart, for me har ikkje plass til mange esker og anna dilldall inne i leilegheita. Pensumlesing både i går og i dag, og så var me jo på orkesterøving i går. Me skal spele symfoni nr.5 av Shostakovich, og sjølv om det tar litt tid før grovmessingen kjem inn, så trur eg dette blir veldig kjekt :) Har også lese litt meir i Harry Potter-bøkene, og akkurat som førre gong blei eg litt rørt då eg las dei siste sidene i den tredje boka. Til helga skal me jo til Oslo, og eg gleder meg faktisk til å sitje på toget i åtte timar, både på fredag og på sundag. Då blir det garantert lesing, litt soving, kanskje litt kortspel og bryllaupsplanlegging. Men: det eg gleder meg aller mest til, er jo å sjå kjentfolk igjen og oppleve Billy Elliot Folketeateret!

Legg igjen ein fin tanke