30. jan. 2015

Knallgod middagsrett og ein kjekk genser

Heimekontor for oss begge i dag. Ein heilt grei måte å starte helga på. Veka har vore alt frå skule til heimeøving på instrumenta (sidan det ikkje var øving for oss denne veka), frå sykling i regnet på onsdag til ordentleg kveldstur i går då det var opphald og temperaturen var berre herleg. Vil eigentleg berre dele eit par kvardagsbilete med dykk, sånn no rett før helga. På sundag hadde me ein knallgod vegetarrett, nemleg ein vegetarlasagne. Den blei så vellukka at me garantert kjem til å lage og ete den fleire gongar. Og så hadde eg på meg ein skikkeleg retrogenser tidlegare denne veka. Så innmari kjekt å bruke noko med litt sjel, noko som ikkje er frå ein av kjedebutikkane :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

He, he... :-)
Får du noen kommentarer på disse genserene? Kanskje noen som lurer på hvor du har kjøpt dem?

Silje sa...

Fekk ein kommentar på den gule genseren (den med kvit krage), så det er i alle fall nokon som leggjer merke til det ;)

Legg igjen ein fin tanke