Ho har sommarfuglar i magen. Mange sommarfuglar. Om berre nokre timar får ho besøk. Kva kjem til å skje då? Kjem det til å skje noko i det heile tatt? Det er så mange spørsmål som fyk rundt i hovudet hennar. Mange tankar som ho ikkje har tenkt noko særskilt på før i dag. "Kva om...?," tenkjer ho. "Eller tenk om...?". Ho veit eigentleg ikkje heilt kva ho kan vente seg av besøket. Kva om han ikkje ser for seg det ho ser for seg. Berre ho blir ferdig med speleoppdraget, slik at ho kan komme seg heim, ta av nisselua, ta fram nokre fine klede og kanskje slappe av før han kjem...
Dei er ute i mørket no. Ute i eit snøkvitt landskap. Stjernene skin klart på himmelen. Dei har nettopp vore inne og sett film, begge ganske spente. Der inne sat dei seg tettare og tettare, heilt til dei sat inntil kvarandre. To par augo titta på kvarandre, så lukka dei seg og munnane møttest. No står dei ute, ho lener seg mot han, han held rundt henne. Ho spør om dei er kjærestar no. Han svarar at det er dei, viss ho vil. Dei kyssar kvarandre igjen, tek hendene til kvarandre og går bortover. Bortover til busshaldeplassen. Der sit dei tett i tett, heilt til ein kjenning kjem forbi i ein bil og spør om dei vil sitje på. Dei blir raude i andleta, ristar på hovudet og svarar "nei". Kjenningen køyrer vidare, og dei ler litt. No går det ikkje an å halde det løynd. Ho seier "ha det" til han, og han set seg på bussen, vel vitande om at det er tre veker til neste gong dei kjem til å sjå kvarandre. Kva kjem til å skje no? Det veit ingen. Men at det er starten på noko nytt, det veit dei begge to.
For akkurat fem år sidan skjedde nettopp dette. Slik blei me saman, ti dagar før julaftan i totusenogåtte. Sidan har det vore oss to, og eg trur me begge to er glade for at me tok den sjansen. Sjansen på å vere kjærastar, og etter kvart sambuare og trulova. Biletet over (det til venstre) er tatt nesten tre månadar etter at me blei saman, så det byrjar å bli ei stund sidan. I dag feirar me fem heile år som kjærastar, og eg håper det blir mange, mange slike feiringar i løpet av dei neste åra. Gratulerer så mykje med dagen, kjærasten og sambuaren min, min trulova, min beste ven ♥
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så må man vel få gratulere med enda ett år :-)
☺
Legg igjen ein fin tanke