20. des. 2013

Reiselysten

Sur vind som suser forbi. Grått vêr, øspøsende regn. Snø som fyk overalt. Når det er slik, har eg så innmari lyst til å rømme landet. Hausten og vinteren er verkeleg ikkje mine årstider, og eg er nok ein av mange nordmenn som helst skulle ha vore ein heilt annan plass. Likevel overlever eg, år etter år sjølv om reiselysten stor. Men no har eg endeleg noko å sjå fram til: neste år, nærmare bestemt i mai, skal me ta ein tur til Island og til USA! Okei, mai månad i Noreg er ikkje så aller verst, men gurimalla, det skal bli så fint å rømme landet litt likevel, utforske nye plassar, oppleve mykje rart, kjekt og fint som me ikkje har opplevd før, vere på reis, berre oss to. Er det nokon av dykk som har vore på Island eller i USA (særskilt i New York), og har noko å anbefale oss, noko me berre må sjå eller oppleve, så skriv gjerne ein kommentar eller to i kommentarfeltet. Og apropos reise: veldig kjekt og spennande å følgje denne bloggen der to som eg kjenner er på si livs reise :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Vi følger med vi, vet du :-) Veldig spennende for blivende besteforeldre! Men nå tror jeg de nybakte foreldra har fått et lite (eller kanskje stort?) problem - de har nok for små kofferter! Ja, ja.
Og i morra kommer lisjeguten heim :-))

Silje sa...

Ja, har fått med meg at de nok har litt for små koffertar med seg :P Men spennande er det uansett :) Og ja, han er vel heime på Gjære i kveldinga i morgon.

Legg igjen ein fin tanke