No har eg faktisk juleferie, og det er ei fantastisk herleg kjensle! Etter ein litt grå og tung start på veka (lang måndag der eg ikkje fekk lese så mykje som eg hadde tenkt og det faktum at det var speilblank is ute, noko som gjorde gåturen til skulen svært lang), var eg så klar som det eg kunne bli då eg gjekk inn i klasserommet klokka ni i dag. Og plutseleg var eg ferdig. Alle tiders! Har nettopp ete god middag, og no vil eg dele nokre punkt som gleder meg denne veka:
✦ juleferie
✦ Flåklypa medley på gitar
✦ kjempefine julelys i Kr.sand sentrum
✦ prikkete julegåvepapir (har eg nemnt at eg liker prikkar?!)
✦ at den tredje sesongen av Sherlock blir å sjå på norske TV-skjermar tredje januar, berre to dagar etter den britiske premieren
✦"If Harry Potter was made by Disney"
✦ og når me snakkar om Harry Potter: eg er no ferdig med den sjette boka og gleder meg som ein liten unge til å lese den sjuande og siste heime i ferien
✦ denne fine og viktige teksten om det å ha ein god ven
✦ at me skal på Vinjerock saman med fine og herlege vener neste sommar
✦"The Fox" i ein episode av Glee – med Muppet Show-figurar
✦ julebord med Agder Brass på fredag
Legg igjen ein fin tanke