22. des. 2013

Topp 5 – juletradisjonar

Bittelille julaftan. Sjølvaste julaftan nærmar seg med stormskritt. Forventningane er kanskje ikkje det same som før, men julaftan er likevel ein av dei finaste dagane i året. Familie, god mat, fine samtalar, nydeleg julemusikk og av og til eit kvitt landskap. Her er mine favorittjuletradisjonar:

bunad - i og med at eg spelte med skulekorpset på syttande mai heilt fram til eg var nitten år, og dei i det skulekorpset hadde regel om "alltid korpsuniform på syttande mai, bortsett frå det året du er russ", kunne eg ikkje bruke den fine bunaden min på nasjonaldagen vår dei åra eg spelte i korpset. Med det har julaftan blitt min bunaddag, og eg berre elskar å ha på meg bunaden medan eg ser på Tre Nøtter til Askepott  (Trǐ oříšky pro Popelku)

pynting av juletreet lille julaftan - i mange, mange år har min bror og eg pynta juletreet på lille julaftan, ikkje før, ikkje seinare. Og medan me pyntar treet, høyrer me på finfin julemusikk

det lille julehuset - ute i gangen vår, på ein kommode, har me kvar einaste jul ståande eit lite hus som me pyntar med bomull (som då liksom skal vere snøen) og små nissar. Det blir ikkje jul utan det lille julehuset

opne ei og ei gåve - på julaftan har me i ein god del år hatt ein som finn ei gåve under treet, les høgt kven det er til (og frå) og så opnar personen gåva medan me andre ser på. Spennande og kjekt å sjå på kva dei andre får også, at ein ikkje berre er opptatt av kva ein får sjølv

adventskalender - å få små, fine og artige gåver i pakkekalenderen som morfaren vår broderte tidleg på nitti-talet, det er tradisjon, det.

Legg igjen ein fin tanke