Neste år er det allereie gått fem år sidan eg slutta på musikklinja på St. Svithun vgs. Eg hadde tre veldig fine, kjekke og morosame år der. Okei, eg skal innrømme at det til tider var veldig travelt, men som regel på ein god måte. Og i løpet av dei tre åra, traff eg på så utruleg mange flotte menneske; mange av dei er eg god ven med enno. Så i dag blir det litt mimring her på bloggen med fem fine, kjekke, artige, lærerike og gøyale minne frå tida mi på musikklinja:
kvardagen på skulen - med alt frå fransktimar til dirigering, Super Mario ute i skulegarden, norskprosjekt med dokketeater, dans på BUL-huset og song i gangane
Chess-vekene - å vere med på å setje opp musikalen Chess i fyrste klasse var for meg et av dei absolutte høgdepunkta i løpet av mine tre år på musikklinja
nissefest på Mosterøy - me hadde klassefest ute på Mosterøy det fyrste året, og det blei både graut, nisseluer og dans rundt "juletreet" (som for anledningen var ein stol med ei raud bøtte oppå)
Fredens Ansikt - komponere musikk til dikt som elevar frå Kongsgård vgs. hadde skrive, framføre dei ute om kvelden midt i Stavanger sentrum og så til slutt spele songane inn på CD i NRK sitt studio: alle tiders!
musikkfestar - mange herlege, kjekke og så utruleg gøyale festar med desse herlege folka, og så klart blei det alltid mykje synging, alt frå Mozart til "Tore Tang"
Legg igjen ein fin tanke