9. okt. 2013

God te og herleg genser

Etter dagar med generell nordisk språkhistorie, ei slags tidslinje innanfor litteraturvitenskapen og mørkare kveldar, er det fint å kunne krype opp i sofaen med god og varm te i den fine kattekoppen frå Krakow. Og saman med teen, gjer ein fin og lun genser susen. Ein genser som mamma og eg fann på loftet i sommar. Kjempenøgd med den fangsten der; den er allereie blitt ein av mine favorittgenserar, både fordi den er kvit (eg har for det meste blå, raude, grøne, lilla eller gule genserar), fordi den har eit litt anna snitt enn dei fleste andre (forandring frydar) og til slutt det faktum at den blei funne på loftet. Å finne gamle klede, anten det er på Fretex, på loftet, i leilegheita til mormor eller på ein marknad, er for min del alle tiders. Gjenbruk + klede som ingen andre har = innmari kjekt. Eg føler eg skil meg litt ut utan at det blir for mykje (noko som passar meg midt i blinken). Så ja takk til meir varm, god te og meir fine klede som ein finn på loftet.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

He, he - jeg tror at du skal få ta en runde på loftet her også :-) Her finnes rikelig med plagg som er både ubrukte og knapt brukte, opp til flere tiår gamle! Har en tendens til å spare på dem, i håp om at de engang skal passe igjen - PUFFH - det er nok et forgjeves håp...!
Men neste gang du kommer så er det kanskje en mulighet for at du finner noe du liker?? Bare så synd at du ikke trenger en pent brukt trønderbunad - for det kan du jo bære med stolthet, etter "reglene"!

Silje sa...

Du skal ikkje sjå bort i frå at det finst noko på loftet som eg sikkert liker ;) Men eg har nok allereie ein bunad som er er veldig, veldig glad i :)

Moder'n på Møre sa...

Ja, sukk! - jeg har jo spurt deg om bunaden engang før :-) Synd at jeg ikke har noen til å arve min sterkt krympede bunad. Døtre er det smått med, og Tina er for lang. Og hun bør vel heller bære Bayersk folkedrakt - skjønt, med en halvtrøndersk mann så kunne hun vel tøyd reglene og brukt trønderbunad? Ser jo at kulturministeren har iført seg norsk bunad, med en enda fjernere tilknytning, så trønderbunad på en tysker hadde vel gått :-)
Ja, ja - det ender vel med salg... Men ellers så skal du få plukke med deg det du måtte ønske, for her fyller det bare opp i skuffer og skap.

Silje sa...

He, he! Bra resonnement med tanke på korleis ein kan tøye reglane ein smule, den likte eg ;) Ja, det med at det fyller seg opp i alle skuffar og skap, kjenner me nok alle igjen. Mamma sa at det var den eine fordelen med at det kom vann i kjellaren: me fekk oversikt over kva som faktisk var der nede og mykje blei hive :P

Legg igjen ein fin tanke