4. okt. 2013

"Parissyndromet"

Når det regnar verre enn verst ute, er det kjempefint å ha ei god bok i fanget, ei bok ein kan kose seg med mens ein sit under eit varmt teppe og litt kaffi i koppen. Joda, eg har nok pensum å lese, men eg må jo ha noko ved sidan, noko som eg verkeleg kan kose meg med. Via hjartesmil sin fine blogg, finn eg mange, gode forslag til bøker som eg trur eg liker (ho og kjærasten gir faktisk ut ei bok i desse dagar, ei bok eg håper eg får til jul...). Ei av bøkene som eg fekk lyst til å lese fordi eg såg den på bloggen, var Parissyndromet av Heidi Furre. Og den skuffa ikkje! Den er skrive på nynorsk, ei målform eg er blitt meir og meir glad i, og den er så fin og sår på same tid: ei ung dame flyttar til Paris, kanskje for å "finne seg sjølv", etter brot med kjærasten. Å flytte åleine til ein annan by, eit anna land, er ikkje berre berre. Det er så fine skildringar av byen; eg får lyst til å dra dit sjølv om eg ikkje kan så altfor mykje fransk. Og det å lære seg eit nytt språk og finne nye vener i ein ukjent by, det er ikkje så enkelt, men ho lærer seg så utruleg mykje nytt på eitt år, både om seg sjølv, om andre og om franskmenn. Ei bok eg verkeleg tilråder no når det går mot mørkare tider og ein treng noko, noko fint, varmt og lunt, å drøyme seg vekk med!

Legg igjen ein fin tanke