Nok ein grå måndag er her. Men eg vil ikkje at det skal øydeleggje starten på veka mi og eg har dimed, akkurat som måndag for to veker sidan, laga ei lita lista over ting som gjer dagen litt lysare:
✦ prikkete klede
✦ PWC-messa i Åsenhallen, heime på Sola, fredag og laurdag (her går det an å finne fine julegåver)
✦ ete god, heimelaga pizza saman med kjærasten min
✦ sitje inne under eit varmt pledd og sjå på regnet som dett ned ute
✦ Siddis Brass i Stavanger no til helga
✦ legge meg i reint sengetøy etter ei lang helg
✦"Mammas moderate matpakker" - eit herleg debattinnlegg om matpakketrenden som kanskje har tatt litt av: kvifor er det ikkje lenger godt nok å "berre" lage ei matpakke med litt brød og frukt?
✦ kose meg litt kvar kveld med den femte boka om Harry Potter
✦ oppdage ny musikk
✦ høyre denne lille dialektreisa
✦ at ein no kan sjå sesong fire av Downton Abbey på norske TV-skjermar og på NRK Nett-TV (og den fekk terningkast fem i VG)
Legg igjen ein fin tanke