30. okt. 2013

"Tusen ganger god natt"




Etter å ha vore hos frisøren i går, møtte eg kjærasten ved kinoen i Kr.sand sentrum. Klokka var berre to, men i og med at me skulle på jobb seinare på dagen, passa det greitt å gå på kino sånn midt på dagen (og så fekk me nytta oss av tilbudet til Chess med 2 for 1 på kinobillettar på tysdagane). Filmen me såg var Tusen ganger god natt regissert av Erik Poppe. Og for ein film! Det er ein film som verkeleg følgjer deg heim, som du tenkjer på når du legg deg i senga om kvelden. Kanskje er det ikkje slik for alle, men for meg var det nettopp sånn. Juliette Binoche speler den dyktige krigsfotografen som etter ei alvorleg ulykke bestemmer seg for å slutte å ta bilete i konfliktramma område fordi hennar mann og deira unger er livredde for å miste henne. Men samtidig er det nettopp slike bilete som driv henne, det er "eit instinkt", som ho sjølv seier, å få fortalt alvorlege historier med bilete. Klarar ho verkeleg å slutte på dagen, slutte å fortelje historier som mange ikkje veit om finst?! Binoche speler så utruleg bra, blikket hennar er så levande. Og Nikolaj Coster-Waldau, kanskje best kjent som Jamie Lannister i Game of Thrones, gjer også ei veldig god rolle (må seie at han overraska, for eg har tidlegare berre sett han i litt meir actionfylte roller). Tårene mine rann ned gjennom mesteparten av filmen. Erik Poppe har tidlegare laga blant anna Hawaii, Oslo og deUSYNLIGE, der den sistnemnde verkeleg er ein film eg kan anbefale. Poppe er ein mester med lyssetting, fine, sårbare bilete og god dialog. Er det ein film du bør sjå no i haust, ein som ikkje berre er harbarka action eller lett komedie, er det Tusen ganger god natt.

0 kommentarer: