2. sep. 2013

Sundagsdate

Sundag er ein av dei finaste dagane i veka. Ein kan stå opp seint, eller tidleg for å få mest mogleg ut av dagen. God frukost med mykje kaffi og elles ein roleg dag. Alle sundagar er ikkje sånn; av og til skal ein kanskje på konsert eller besøk, men likevel er sundag ein herleg dag. Då me skulle ete middag i går, kledde me oss i litt finare klede, eg i prikkekjolen min og han i ei fin skjorte, og så åt me god avokadosalat. Det stod stearinlys på bordet og på skjermen var det Harry Potter & halvblodsprinsen. Kjempefint og så utruleg koseleg å ha ein ordentleg heimedate, ikkje berre "slakkekveld". Og så er det jo kjekt å pynte seg litt på ein heilt vanleg sundag ^^

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Ja, det var den gode salaten, ja :-) Dere har noen godsaker som jeg må ha oppskrifta på!

Så koselig at dere gjør litt ekstra ut av søndagene. Da vi gamlingene vokste opp, var det helt vanlig å skille mellom hverdag og søndag både i klesveien og matveien. Dette har jo nesten forsvunnet - søndagsmat er blitt hverdagsmat, og folk går jo i "pentøy" heile uka (SUKK!). Kanskje man skulle lage en aksjon a la "Ta jula tilbake" - altså "Ta søndagen tilbake"? Tror menneskene ville ha godt av en dag i uka som kan skille seg ut - slik som vi hadde før! Fortsett slik, dere :-)

Silje sa...

Ja, du seier noko der. No tar me, i alle fall mange av oss, sundagane for gitt, og fredag, laurdag og sundag blir alle heilt like. Eg synest det er viktig å gjere litt stas på kvarandre, pynte oss litt og nyte siste dagen i veka litt ekstra :) Og ang. dei oppskriftene, så kan han fine eg bur med sende dei på mail ;)

Legg igjen ein fin tanke