Omtrent midt i veka. September er godt i gong, og hausten er på veg. Mange synest at hausten er så innmari fin med varme klede, laga på lag. Eg liker best våren og sommaren, så no når hausten er her, er det kjekt å kunne ha ei lita liste med små ting som gjer hausten litt lysare. Her er lista som eg skreiv på bloggen i fjor, og nokre av tinga er jo like fine i år. Kva får nettopp deg til å bli meir blid ein onsdag i september, no når hausten er komme og vêret blir kaldare? Eg har klart å plukke ut nokre punkt som får meg til å sjå lysare på hausten som no er her:
✦ høyre på musikken til Laurence Fox – hans litt hese og rolege stemme gir meg ei herleg ro i ein av og til litt stressa kvardag
✦ vite at hjartesmil si bok & me skal bli omskapte, som ho har skreve med kjærasten, snart kjem ut
✦ gå i kjole eller skjørt med ullstrømpebukse på beina
✦ lage fargepalett til bryllaupet og finne inspirasjon på Pinterest (her byrjar ein tidleg...)
✦ drøyme seg vekk blant alle dei fine tinga folk lagar på etsy.com
✦ sjå Before Midnight på kino, den siste filmen i trilogien om Jesse og Celine med fine bilete og fin dialog (eg må berre sjå film nr. to før eg kjem meg på kino for å sjå den siste filmen)
✦ kose meg med film og kaffi under eit teppe, med stearinlys på bordet og han der fine ved sidan av meg
✦ dei fargerike blada som kjem på trea, spesielt når det nettopp har regna og regndropane ligg som dogg på dei
✦ sjå vidare på sesong to av Heartbeat
✦ denne og denne musikkvideoen av Ylvis (og nei, det er ikkje den om reven)
✦ lese gode, lune, fine, spennande bøker
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Eg og kjærasten held på å lesa Hundreåringen høgt saman, den er perfekt til det!
Ååå, så artig! Har høyrt mykje bra om den, og tanta mi har høyrt den mange gongar på lydbok allereie :) Håper du har det bra i Tigerstaden :D
Legg igjen ein fin tanke