17. jan. 2013
"Den merkelige hendelsen med hunden den natten"
Nokre bøker gjer noko med deg. Dei rører deg, dei får deg til å le. Nokre bøker fascinerer deg så mykje at du berre må lese ei side til, og så ei til... Den oppsluker deg fullt og heilt. Her i heimen går det jo mykje i pensumbøker no for tida, men eg har ei bok som eg les utanom all pensumlitteraturen som eg verkeleg har sansen for. Det er ei bok som eg har blitt anbefalt for mange år sidan, og eg har lenge hatt den på leselista mi. Eg ønskjer meg alltid bøker til jul, men i fjor låg det ikkje ei einaste bok til meg under treet. Ikkje før kjærasten min kom rett før nyttår, og då han hadde med seg ei gåve, ei bok, til meg frå broren og svigerinna hans. Boka eg snakkar om, heiter Den merkelige hendelsen med hunden den natten og er skrive av Mark Haddon. Hadde eg hatt tida til det, hadde denne boka vore lese ut på ein, to, tre, så mykje fascinerer den meg. I staden for koser eg meg med boka om kvelden mens eg ventar på at kjærasten skal bli ferdig på badet. Eg skal ikkje seie for mykje i frykt for å røpe handlinga, men den er så annleis skriven og for min del er det det som fenger meg. Eg ligg der i senga og småhumrar for meg sjølv; då veit at det er ei god bok :) Boka anbefaler eg på det sterkaste – for folk i alle aldrar!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Den må jeg lese! Fader'n snakker om "en hundreåring som forsvant ut vinduet" - men det var vel den boka kjæresten fikk det, da?
Du vet vel at Tina har jobba på bibliotek i flere år? Så jeg tror hun har en god teft ang. bøker som er verdt å lese :-)
Jepp, han andre her i huset fekk den boka til jul, og også den har eg høyrt mykje bra om :) Kanskje den blir den neste på lista!? ;)
Legg igjen ein fin tanke