3. jan. 2013
Dei siste feriedagane
No er me i gong; 2013 er her. Sjølve nyttårsaftan blei som sagt feira saman med den fine gjengen me har feira med dei føregåande åra, og eg hadde det i alle fall kjempekjekt! Det heile starta klokka sju, og då alle var på plass, åt med god middag og litt for mykje dessert ;) Til kvelden hadde eg laga quiz i litt forskjellige variantar, og eg trur dei andre hadde det artig med oppgåvene. Elles så var me ute og såg på fyrverkeriet (me hadde ei kjempefin utsikt), tente på nokre stjerneskot og talde ned til det nye året saman. Etterpå gjekk me tilbake og spelte eit kjempekjekt spel (ordforklaring og miming) før kjærasten og eg tok beina fatt og gjekk heim. Herleg og fin tur, den fyrste i det nye året :) Dei siste dagane i ferien har gått så utruleg fort, og i morgon reiser me tilbake til Kr.sand. Me har bare tatt livet med ro: me har lese i bøker, spelt litt spel (kortspel, UNO og Cluedo), spelt litt Wii, sett på film og pakka koffertane. Når me kjem til Kr.sand i morgon, er me bare heime i litt over ein time før me skal til Grimstad på korpsseminar. Og ja, eg grugleder meg. Har ikkje spelt sidan julaftan, så å gå rett på ei helg med mykje speling, kan bli litt tøft :P
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Å, så fine dåkk e! Og alltid like blid :-)
God tur te Kr.sand - tænke at æ ringe i løpet av dagen/kvelden.
Jo, takk og godt nyttår! Eg er veldig fornøgd med biletet som blei tatt på sjølvaste nyttårsaftan :) Så skal me kose oss på bussen til Kr.sand :)
Legg igjen ein fin tanke