31. okt. 2012
Snart Stavanger og Siddis brass
Travle dagar. Det er jo ofte slik at når ein fyrst har mykje å gjere på ein front, til dømes skulen, skjer det også mykje på andre frontar. Men eg har valt det sjølv, og det er jo kjekt å ha noko å henge fingrane i :) På måndag hadde me vår siste øving med brassbandet her i Kr.sand før konkurransen. Då var me så heldige å få besøk av to journalistspirar frå Mediehøgskolen Gimlekollen. Dei ville lage ein liten reportasje om vår veg fram mot Siddis brass. Veldig kjekt med publisitet, men det er alltid rart å sjå seg sjølv på video. De kan sjå innslaget og reportasjen om de trykker her. I tillegg til at me begge to er engasjerte i brassbandet, jobbar me også i det eine skulekorpset saman, nemleg i Grim skulemusikkorps (eg jobbar jo også i Hånes & Tveit skulekorps). Dei hadde årsfest i går, og når ein gjer ein større innsats, anten som dirigent, instruktør eller forelder, er det jo vanleg å få ein liten oppmerksemd i form av ein blome eller noko anna. Derfor enda me opp med to slike som de ser på biletet. Luksus! I morgon tar me toget til Stavanger, heim til familien og, sjølvsagt til det viktigaste, Siddis brass. Eg gruar meg bittelitt, men aller mest gleder eg meg. Dette blir spennande!
Merkelapp
korps og orkester
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Har sett reportasjen - og dere er så fine og kjekke og flinke! Og korpset høres topp ut (har hørt på noen andre opptak også!). Lykke til i Stvg - blås de andre av scena :-)
Tusen takk! Me skal no gjere vårt beste, så får me sjå korleis det går. Kose oss skal me i alle fall :)
Legg igjen ein fin tanke