16. okt. 2012
Something pink
For litt over ti år sidan, kom det ein song som blei ein hit både her i Noreg og i heimlandet Sverige, nemleg Rosa Helikopter. Det var ein song som verkeleg satte seg på hjernen, og på sommarkurs (NMF) året etterpå (eller var det året etter det...) spelte me den songen om morgonen for å vekkje folk. Eg kan også rosasongen: "Rosa, jeg liker bare ting hvis de er rosa". Men sjølv om eg kan, eller har høyrt, nokre songar om rosa objekt, kan eg ikkje seie at rosa er min favorittfarge. Det er veldig få gjenstandar her i stova som er rosa, og skal eg telje kor mange klede eg har som er rosa, kan eg telje dei på ei hand. Men dagens emne er, som tittelen på innlegget tilseier, noko rosa. Så sjølv om eg ikkje eig så mange rosa ting, har eg noko som eg synest det er verd å vise, nemleg den fine fleecegensaren som er designa av Kari Traa. Til trass for at den er rosa, er eg faktisk veldig glad i den (for dykk som likar designen; sjekk ut karitraa.com). Nok om rosa. Kjekt på korpsøving i går, og har nettopp vore på jobb. I morgon blir det lang skuledag; på kvelden styremøte med det nye styret i Agder brass :)
Merkelapp
trettidagarsutfordring
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke