26. okt. 2012
Sjølvportrett versjon 2
Då sluttar eg utfordringa der eg starta den, nemleg med eit sjølvportrett – av meg sjølv sjølvsagt. Ikkje noko særleg fiksfakseri med tanke på kreativitet eller fantasi, det er berre eit bilete som viser andletet mitt, akkurat slik eg ser ut her og no. Men det viser i alle fall den nye frisyren min veldig bra :) Har nettopp vore hos frisøren og eg må seie at eg blei veldig fornøgd. Herleg å bli kvitt ein del hår (for det byrja å bli altfor langt for min smak). Har elles gjort veldig lite i dag; me sov lenge, brukte lang tid på frukosten, og då den var ete opp, var eg innom frisøren. No nærmar det seg middag (vegetarlasagne) og etterpå blir det øving med Agder brass. Det blir det heile helga, for me skal ha seminar i høve korpskonkurransen Siddis brass som går føre seg i Stavanger neste helg. Eg er litt spent, men eg trur det blir kjekt og så er det alltid hyggeleg å sjå familien min igjen.
Merkelapp
trettidagarsutfordring
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Gratulerer, med fullført utfordring og med «nytt hår»! Du ble kjempefin på håret. Lenge siden jeg har sett noe til deg, så jeg synes det er veldig hyggelig at jeg kan titte inn her å holde meg oppdatert.
Tusen takk, Amanda! Ja, eg blei veldig fornøgd; var nesten eit år sidan sist eg klipte meg ;) Eg er titt og ofte innom din blogg også, og så håpar eg det ikkje er altfor lenge til neste gong me sjåast :)
Legg igjen ein fin tanke