29. juli 2012

Travle og kjekke dagar

Kan endeleg setje meg ned og slappe av. Har eit par fridagar før eg atter ein gong byrjar på eit nytt skift på onsdag. Denne veka har vore slitsam, for eg er ikkje vande med å stå opp klokka fire midt på natta. Fredag var den lengste dagen av dei alle: eg sto opp ti over fire, sykla ti på fem, var på jobb fram til klokka to, tok ein tur til byen der eg møtte to av dei beste venene mine frå folkehøgskulen. Saman gjekk me rundt og såg på det yrande folkelivet i og med at det var Gladmatfestivalen. Etter det sykla eg til ei kjempeherleg jente frå vgs., for der skulle me ha ein liten fest med nokre av dei frå klassen på vgs. For ein kveld det blei. Eg sykla heim saman med ei av de andre og då eg kom heim, var klokka så mykje som kvart på tre! Eg hadde nesten vore oppe i tjuefire timar og det er sjeldan til å vere meg ;) Eg hadde fri i går også, men fordi eg var så seint heime dagen før, sov eg lenge i går. Og halv fire tok eg bussen til Tananger der eg hadde ein kjempefin og koseleg ettermiddag med dei to frå folkehøgskulen. Så dagen i går gjekk veldig fort, og det er derfor ekstra herleg å kunne slappe av inne i dag mens regnet pøser ned ute...

Legg igjen ein fin tanke