10. jul. 2012

Saknad

Å sakne nokon eller noko kan vere både fint og ikkje så fullt så fint, alt til si tid. Når eg har slike fridagar som det eg har hatt dei siste dagane, merkar eg at saknaden er større enn når eg er på jobb og har noko å halde på med. Misforstå meg rett; eg er jo glad for at eg har nokre fridagar innimellom altså ;) Men kven eller kva er det eg saknar? Eg trur dei fleste veit svaret... Eg saknar kjærasten min. Han kjekke som eg til vanleg bur saman med. På ein måte er det godt å sakne. Eg saknar han og merkar kor mykje han faktisk betyr for meg. På den andre sida er det litt kjipt å sakne han fordi det enno er ein månad igjen før me treffast att. Men samtidig veit eg at det blir så utruleg fint å sjå han att nettopp fordi det er så lenge sidan førre gong. Enn så lenge får eg fylle ut tida så godt som eg kan med å jobbe, rydde her heime, lese bøker og vere med venner. Sistnemnte gjorde eg i går då eg traff to av mine beste vener frå folkehøgskulen. Var også heime hos den eine venen då kvelden kom, og me koste oss med kaffe, bilete og mange gode minne. Tida går fortare når ein har noko å gjere, noko å pusle med og spesielt saman med gode vener :)

Legg igjen ein fin tanke