1. juli 2012

Utfordring!

Då har eg endeleg bestemt meg: heretter skal eg prøve å skrive nynorsk her på bloggen. Sidan eg til hausten må skrive nokre av mine eksamenar på nynorsk, tek eg det som ei utfordring og tenkte at dette kan vere ei god øving til å bli betre i nynorsk (eg har jo alltid hatt bokmål som hovudmål). Og så skal eg også få lest nokre nynorske bøker, til dømes Nød av Are Kalvø. Det blir nok litt feil i byrjinga, men eg skal prøve så godt eg kan. Etter å ha hatt mykje om rettskriving og korleis å skrive godt norsk no før sommaren, har eg sjølv blitt mykje meir oppmerksam på skriveleifar, så de får berre seie i frå hvis de oppdagar grove skrivefeil. Har hatt ei herleg frihelg med film, bok og ommøblering av stove og kjellerstove. I morgon er det tilbake til jobb, og det allereie kvart på seks! Ja, ja... Ynskjer alle mine lesarar ein fin sundagskveld :)

8 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Pantertante sa...

Ok, tøft! Grove feil, ok då. Luk vekk dialekten, så blir dette her kanonbra :)

Silje sa...

He, he! Skal prøve så godt eg berre kan! ;)

Moder'n på Møre sa...

Du bor jo sammen med en som er oppflaska med nynorsk :-) Tror nok han kan være en meget god korrekturleser (om han får lov til å se på epistlene dine før du legger de inn).

Forøvrig er han til god hjelp her på garden - og viser også sine kjøkkenkunster til glede for oss andre. Ikke minst for mor som er glad for å slippe kjøkkentjenesten iblant :-)

Silje sa...

Ja, han såg over i går og sa i frå, så eg tenkjer det kjem til å gå fint :) Mamma var også fornøgd med å sleppe litt kjøkkenteneste her heime ;)

Maiken sa...

nynorsk e så fint, og du e dyktig i språk, ingen problem dette her? :D

Silje sa...

Jo, takk du! ;) Det blir nok litt uvand i byrjinga, men eg håpar og trur at det kjem etter kvart :)

Lene Beate sa...

åsså må du huske at nynorsk e kje SÅ nynorsk lenger;) folk som ikkje e vant t å skrive nynorsk he en tendens t å overdrive nåkke hinnsides:D men no skjønna ej i d minste ka du skriv..hehehehhe:)

Silje sa...

Eg er klar over det, men takk for fin påminning! ;) Eg slår mykje opp i ordboka no, for å seie det slik :P

Legg igjen ein fin tanke