14. jul. 2012

Ein strålande sommarmorgon

Å vakne av solljoset kl.05.20. Vite at eg kan sove i over ein time til. Stå opp kvart på sju, spise ein god frukost, nyte morgonen aleine fordi familien er på hytta. Gå til bussen, sjå på sola som skin så høgt på himmelen. Ta bussen som flyt så fint av garde fordi det er så lite trafikk. Komme tidleg på jobb. Nyte stilla før dei trufaste morgonsymjarane tar sats ut i bassenget. Sjå på borna som leiker og kosar seg i bassenget. Blå himmel. Det er det eg kallar ein perfekt sommarmorgon og generelt ein fin sommardag! Etter fleire dagar med regn og grått vêr, fekk me nokre glimt av sommaren i dag. Har jobba fire dagar i strekk og har enno fire dagar til på jobb før eg kan ta meg nokre dagar fri. Slik er det å jobbe på skift, men eg synest det fungerer greit, eg :) I alle fall når me får slikt vêr som det me hadde i dag. Det var nesten sydenstemning då me gjorde klart bassenget i dag tidleg. Kvelden skal eg bruke foran TV-en, bare slappe av og lade opp til ein ny dag på jobb i morgon.

Legg igjen ein fin tanke