7. juli 2012

Ordensmenneske

Rydding, organisering, alltid på tida. Eg er ein person som likar å ha orden og kontroll på sakene. Slik har eg alltid vore. Eg hatar rot og eg hatar å kome for seint til ein avtale. Heldigvis er eg ikkje like galen som sjølvaste Hercule Poirot som må ha alt korrekt, på millimetaren. Likevel er eg nok ikkje alltid den lettaste personen å leve med, men me har alle våre skavanker og uvanar. Heime i Kr.sand må eg berre ikkje sjå på alle notane og mattepapira som ligg overalt i leilegheita. Det er jo ikkje meininga at det skal sjå like fint ut kvar einaste dag. Og som du kanskje har høyrt, er det betre å ha orden i kaoset enn kaos i ordenen. Med jobb og hytte som tek mykje tid, er det ikkje alltid like lett for mine to foreldre å holde heimen her på Sola ryddig. Det er her eg kjem inn ;) Eg likar faktisk å rydde og holde orden, så lenge det skjer i mitt eige tempo. No som eg har et par dagar fri, er det kjekt å kunne ha noko å pusle med. Då me ommøblerte kjellarstova forrige helg, rydda eg litt i bokhyllene, for det er ein del bøker me fint kan gi vekk til ein bruktbutikk. Det same med klede: eg har hatt ein del klede i skapet mitt her heime som eg eigentleg aldri brukar. Dei har eg også rydda i no og det er så utruleg herleg å bli kvitt saker og ting som ikkje er i bruk. I fjor tok eg tak i eit heilt rom nede i kjellaren, noko som du kan sjå på biletet. Kanskje blir det meir i år? Me får sjå :)

Legg igjen ein fin tanke