16. mars 2025

Blomar ute og inne i ei hektisk helg







Landa etter fredagens disputas. Eller, eg trur nok ikkje me har landa sånn hundre prosent, men der byrjar å komme seg. Eg snakkar nemleg om mannen min som etter ganske mange år endeleg disputerte og no har ei phd-grad i boks! Fredagen var lang med prøveførelesing, forsvaret og ein ordentleg disputasmiddag, me var slitne, men nøgde då me la oss rett over midnatt. Familie, kollegaar og andre fine folk var med på å feire dagen, i tillegg har me vore med både hans og min familie no i helga. Travle og kjekke dagar, ikkje heilt klar til å ta fatt på ei ny veke enno. Både måndag og onsdag gjekk eg til jobb, den eine dagen i tåke, den andre i fullt solskin, begge delar gjorde godt. Ein gåtur mellom slaga blei det tid til også i går, og sjølv om det ikkje har vore så mykje tid til overs, har eg så klart lese og strikka litt. Alt i alt mykje bra i ei hektisk veke og helg:
 
dette var litt av ei bok: Ved porten til stillhetens skog av Lars Elling var både sår, tøff og veldig fin 
liten gåtur dagen derpå, så godt å bevege på meg og høyre fuglane syngje høgt
litt seint ute, men las nettopp ut Blå, den andre boka i Maja Lundes Klimakvartett
"Min favorittmusikk" med Frank Kjosås, det er Chess, The Snowman, Skyfall og fleire musikalar 
sola som titta inn i trappeoppgangen
sjå vekas episodar av Bakemesterskapet
krokusane har også bryja å poppe opp 
snøklokker, både her i byen og i denne lille Instagram-videoen
betongbrutalisme og ein blå himmel på fredag før prøveførelesinga – ganske stolt kone, ja
solnedgang på takterrassen rett før disputasmiddagen starta
spalta til Tønes i Dag og Tid, og "Tre favorittar"-spalta med mellom anna to kjekke bokseriar
fluffy, små pusar som vil bli ven med ein mykje større hund
laurdagstaco heime på Sola med både min og hans familie
spindelvev full av dogg 
få inn i butikken boka Den fantastiske bussen som fekk veldig gode meldingar både her og her
å gå til jobb med sola i andletet, det var ein bra start på jobbdagen
at mannen min disputerte på sjølvaste pi-dagen (kjem nok innlegg her på bloggen etter kvart)
beste Michael Sheen som bruker sine eigne pengar på å betale ned gjelda til andre som slit
blomar i alle fargar i høve min betre halvdels disputas
tåkeheim langs Mosvatnet
Tove Janssons Pappaen og havet er meir melankolsk enn dei føregåande bøkene, likevel så god
rekkje å strikke litt i eit par ledige stunder

13. mars 2025

Stille stunder innimellom


Mars er for vår del nokså travel i år. Prøver difor å setje ekstra pris på slike stille stunder med kaffi i en fin, liten kopp og ein bra bok foran meg. Andre dagar tar eg fram Tønes sine kunngjeringar i Dag og Tid, eg les av og til fleire i slengen enn ei for kvar veke, og eg sit og småhumrar for meg sjølv. Han har så mange herlege funderingar og betraktningar om alt mogleg rart. Liker også godt "Tre favorittar"-spalta, som ein så vidt kan skimte på biletet, med til dømes kvinnelege dirigentar ei veke, romanseriar i lydbokappen ei anna veke. Artig at av dei tre romanseriane som blir nemnt, har eg jo lese Torsdagsmordklubben og er i gong med Nosey Parker-serien. Stille stunder innimellom.

11. mars 2025

Dogg







Spindelveven var full av dogg, og snøklokkene var også fulle av bittesmå dropar. Tåka låg som eit tynt, grått teppe, for særleg tjukk var den ikkje. Tydeleg var den lell, til dømes kunne eg ikkje sjå over til den andre sida av Mosvatnet. Ein plass såg eg eit par klosterklokker stå og blome, alt dette på veg til jobben i går. Slike dagar når ein traskar av garde, det er noko trolsk og mystisk. Og fint.

9. mars 2025

Bursdagsfeiring før orkesterkonsert







Orkesterspeling heile tre gongar denne veka: me hadde øving både på tysdag og i går, og i dag var det konsert (og den låt veldig bra, synest me i alle fall). Før konserten, var me ein svipptur innom Sola for å feire bursdagen til pappa. Blei ikkje lenge sidan me skulle vidare til Sandnes og nemnde orkesterkonsert, men koseleg var det lell! Ein av dagane på jobb, fekk me ein stor leveranse med skulesekkar, og då var det opp og ned og fram og tilbake med jekketralla – alt det eg lærte å bruke medan eg jobba i svømmehallen, altså. Regnfulle dagar har det også vore, men eg har no likevel fått tatt ein titt på endå fleire snøklokker (å, dei er så vakre!), og eg traska til jobb i fullt regntøy rett før helga tok til. Eg har kost meg med bøkene eg har lese, elles har veka mi sett slik ut:
 
lurer på om The Brilliant Life of Eudora Honeysett av Annie Lyons er ei av årets beste bøker 
magisk lys over naboblokka torsdagskveld 
høyre ungdomsorkesteret spele "Gabriellas sång" for vår eigen øving tysdagskveld 
nøgd med å gå til kveldsvakta på jobb trass etter kvart øsande regnvêr 
surdeigspizza som laurdagsmiddag, noko artig på skjermen og til slutt litt "Bananagrams"
på torsdag hadde Wicked premiere på Folketeateret, og eg gleder meg til me snart skal sjå den
lurer på kva bok som hamna slik, på bakken
antar at det blir minst eit snøklokkebilete kvar veke her på bloggen ;)
måndagskveld med te i vinterkruset (no er vinterkrusa pakka ned) og restar etter fastelavn
litt for open slutt, men I skumringen synger svartttrosten var likevel ei sårvakker bok
rundstykke, gåver, kaffi og kake for å feire pappa som har bursdag i dag – hipp, hipp hurra!
snøklokker i vår rubinraude rullesteinvase
tihi, Olive er som ein superskjønn virvelvind
byrje å sjå Bakemesterskapet
rydde i ei eske med gamle skulebøker
sjå rådyr på veg til konserten
ikkje lenge sidan sist, men også denne veka høyre "Superstar" på radioen
orkesterøvingar og til slutt spele ein klassisk konsert
og når me snakkar om Wicked: høyr Cynthia Erivo og Ariana Grande syngje frå Oscar-utdelinga
min nye Twiggygenser!
fargeklatt langs vegen
stearinlys, te i eit ekte bokkrus og ei god bok i fanget
sjølv om eg hugsa kven mordaren var, koste eg meg med Tragedie i tre akter av Agatha Christie

7. mars 2025

Klassikarar rundt ein kopp

Bok i fanget, stearinlys på bordet, te i eit fint krus. Dei søte vinterkrusa er kanskje pakka vekk, dagane blir lysare, men å kunne slappe av med ein kopp te i eit anna flott krus (hallo, sjå bøkene på kruset) og samstundes lese i ei god bok – det kan eg fint gjere kva tid som helst på året.

5. mars 2025

Twiggygenseren 2.0





Lurer på om denne genseren er den eg har brukt lengst tid på å fullføre. Fjoråret var ikkje eit stort strikkeår for min del, det var lesinga som verkeleg var det eg brukte fritida mi på. Men eg diggar det utgåtte Merino Tweed-garnet frå Pickles (og også Tweedy, eit tjukkare tweedgarn frå same garnprodusent), og eg har hatt fire nøste, to mørkelilla og to mørkegrøne, liggjande lenge. Den aller fyrste genseren eg strikka, i 2020, var ein Twiggygenser, og den er framleis ein av favorittane. Nyleg blei eg ferdig med min andre Twiggygenser, og er er stornøgd! Hadde ikkje nok garn i ein farge til å lage ein einsfarga genser, så då blei det ein kombinasjon av mørkelilla og mørkegrønt. Kunne kanskje ha strikka meir med det grøne garnet på bolen, men eg strikka no erma med mykje grønt, så det blei ein kontrast der om ikkje anna. Ein passe ledig i genser strikka med eit av favorittgarna.

3. mars 2025

Vår i stova 🌱



Plukka ein neve snøklokker i dag. Det aller vakraste vårteiknet står no så fint på stovebordet. i rullesteinvasen frå MingarWalker glassblåseri. Å, dei er eit flott syn, både vasen og blomane. Og nei, eg er ikkje ferdig med å dele snøklokkebilete, eg ser dei overalt no. Eg smiler der eg går, stoppar opp fleire gongar og ser på dei frå forskjellige vinklar. Mars er her, våren er definitivt her.